Olav Duun
Olav Duuns barndomsheim, Øver-Dun på Jøa, er open for besøk sommaren 2012 kvar dag mellom kl 12.00 og kl 17.00 frå 30. juni t.o.m. 12. august. Grupper kan ta kontakt for omvisning utafor opningstid. Ta kontakt med Kristen Dille - mobil nr 918 83 902.Olav Duun vart fødd på Jøa i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag, 21. november 1876. Han vaks opp på Jøa. Der tok han del i gardsarbeid og var med på vinterfisket i Sør-Gjæslingan på Namdalskysten i fleire år.
I 1901, 25 år gammal, byrja han på lærarskolen i Levanger.
Etter lærareksamen i 1904 fekk han sin første lærarjobb på Sakshaug skole i Inderøy kommune. Frå 1905 til 1908 arbeidde han som lærar i Singsås kommune, Sør-Trøndelag. I 1908 blei han tilsett som lærar i Botne i Holmestrand, Vestfold. Same året gifta han seg med Emma Georgine Møller, frå Nærøy i Namdalen. I 1910 fekk dei dottera Dagmar.
Olav Duun budde i Holmestrand til han døydde 13. september 1939.
Olav Duun gav ut si første bok, Løglege skruar og anna folk, i 1907. Til saman gav han ut 31 bøker, to av dei var barnebøker.
Olav Duuns barndomsheim på Jøa vert no restaurert. Åpning er planlagt til 25. juni 2011. Olav Duun Stiftinga i Namdalen (ODIN) og Fosnes kommune har von om at barndomsheimen skal bli eit naturleg utgangspunkt for formidling av litteraturen Duun skapte og av landskapet som skapte Duun

