Olav Duun
Olav Duun vart fødd på Jøa i Fosnes kommune, Nord-Trøndelag, 21. november 1876. Han vaks opp på Jøa. Der tok han del i gardsarbeid og var med på vinterfisket i Sør-Gjæslingan på Namdalskysten i fleire år.
I 1901, 25 år gammal, byrja han på lærarskolen i Levanger.
Etter lærareksamen i 1904 fekk han sin første lærarjobb på Sakshaug skole i Inderøy kommune. Frå 1905 til 1908 arbeidde han som lærar i Singsås kommune, Sør-Trøndelag. I 1908 blei han tilsett som lærar i Botne i Holmestrand, Vestfold. Same året gifta han seg med Emma Georgine Møller, frå Nærøy i Namdalen. I 1910 fekk dei dottera Dagmar.
Olav Duun budde i Holmestrand til han døydde 13. september 1939.
Olav Duun gav ut si første bok, Løglege skruar og anna folk, i 1907. Til saman gav han ut 31 bøker, to av dei var barnebøker.
Olav Duuns barndomsheim på Jøa vert no restaurert. Åpning er planlagt til 25. juni 2011. Olav Duun Stiftinga i Namdalen (ODIN) og Fosnes kommune har von om at barndomsheimen skal bli eit naturleg utgangspunkt for formidling av litteraturen Duun skapte og av landskapet som skapte Duun.

Årsmøte i Olav Duun Stiftinga i Namdalen (ODIN)
Årsmøtet i ODIN 24.04.10 starta med omvisning på Øver-Dun. Medlemmar i ODIN er Nord-Trøndelag fylkeskommune, kommunane Fosnes,Flatanger,Vikna,Namsos,Nærøy,Leka og Overhalla og Olav Duuns familie.