Været i dag:
Jøa Regn 7
yr.no
Du er her: Hjem > Artikkel

Nord-Trøndelag Teater gjester Fosnes

Webbildet 1  [ 1] Teaterstykket HELG vises på Seglloftet, Brakstad, 14. september.
On. 14.sept. kl. 19.00
FOSNES – Jøa - Seglloftet
Billetter kr. 200,- Gruppe (5)/honnør 160,- Teatervenn/student/ungdom 100,-.
Billetter kjøpes via www.nordtrondelagteater.no tlf. 469 15000 (kl. 9 – 12) eller ved inngang!
Pøbben ved Brakstad Hamn er åpen etter forestillingen.
NB! Fint hvis du videresender denne mailen til de du trur har interesse for dette!
Terninkast 5 i Trønder-Avisa. Les anmeldelsen her
"Det handler tilsynelatende om den tomme nota. Men det fører så mye med seg, og publikum blir vitne til et drama som kan utspille seg i hvilken som helst familie."
For fyrste gong samarbeider dei tre store teatra i Midt-Noreg om ei framsyning som skal turnere i dei tre fylka. Nord-Trøndelag Teater, Teatret Vårt i Molde og Trøndelag Teater er stolte over å presentere ein norsk urpremiere på eit stykke som forankrar seg i kystfolket og utfordringane deira: Helg av Torvald Sund.
Handlinga tek til i ytre Trondheimsfjord. Gjennom fleire hundre år har sildefisket skapt stor vekst og velstand. Havets sølv har gjort tettstadane rundt utløpet av fjorden til viktige kraftsenter, økonomisk og sosialt.
Dette året blir silda borte. Det er vårjevndøger i ei tettfolka bygd i Stjørna. Bjørn, basen på sildesnurparen Stjørnfjell har vore på sjøen i fleire månader. I mangel av fangst får han no ei uventa frihelg heime. Der venter kona, Margit. Frihelga kjem litt for brått på dei både. Ho skal ta realskuleeksamen og treng tida til å få ferdig oppgåver som skal leverast. Sonen deira, Benjamin, som går framhaldskulen, er ute og rek. Margit veit ikkje riktig kor.
På eit knapt helgedøger vendast livet i denne familien opp ned. Fortid, notid og framtid snurpar seg saman til ein farleg malstraum som dei vert tvungneinn, og trekte ned i.
Torvald Sund sitt nye stykke er eit familiedrama kor mange vil kjenne att seg sjølv eller sine. Med røter i trøndersk forteljartradisjon, er dette ei historie omvilkåra for folk på kysten, om naturkreftene og ei tid med store omveltingar. Historia kviler såleis i arven frå Johan Bojer og Olav Duun.
Regi: Liv Hege Nylund
Medvirkende: Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning
Premiere: 24. August ved Trøndelag Teater med påfølgende turné.
Les mer om forfatter Torvald Sund her
Les mer om Wenche Strømdahl her
Les mer om Hallbjørn Rønning her
Bakgrunn: For 30 år sida ble havet tomt for sild. Først nå vet vi hvorfor
Med vennlig hilsen
Aud Lien Sellæg

Markedskonsulent
Nord-Trøndelag Teater AS
Leksdalsveien 1
7650 Verdal
Tlf: 92211197

Er du medlem av teaterlauget? Les om alle fordelene her!

E-post: aud.lien.sellaeg@ntteater.no
www.nordtrondelagteater.no